Lokalprogram for 2023 til 2027

Vi Miljøparti Dei Grøne i Stad set solidaritet i sentrum av vår politikk. Vi vil jobbe for levande lokalsamfunn både no og i framtida, og setje fram ein ny definisjon på framsteg som omfattar meir enn berre økonomisk vekst. Vi vil sørge for at Stad kommune gjer sitt for å nå FN sine berekraftmål, då vi ser ei klar samanheng mellom naturvern og menneskerettar.

Les heile partiprogrammet vårt her!

Vi forstår at verda er i endring, og vil arbeide for å forvalte ressursane våre på ein måte som sikrar ei berekraftig framtid for Stad. Vi vil forvalte og bevare den rike naturarven i kommunen vår, avgrense utbygginga av oppdrettsanlegg og vindturbinar, og fremje tiltak for å ta vare på og styrke fjorden vi deler med andre kommunar.

Skule og omsorg står også høgt på dagsordenen vår. Vi vil halde på den desentraliserte skulestrukturen, bygge trygge gang- og sykkelvegar rundt skulane, og prioritere god lærardekning. I omsorgssektoren vil vi arbeide for å sikre at pasientane får tenester der dei bur, redusere vikarbruket, og arbeide for integrering og utdanning av innvandrarar.

Vi ser også store moglegheiter for eit grønt næringsliv i distriktet vårt. Vi vil støtte lokale aktørar innan turisme og matproduksjon med lågt naturavtrykk, og vil at det skal løne seg å tenke grønt i Stad. Vi vil også ha ein høg terskel for å godkjenne utbygging av nytt areal, og vi vil fremje etableringa av verksemder som tilbyr reparasjon og gjenbruk.

Vidare vil vi prioritere kultur, fritid, og idrett. Vi vil støtte tiltak og frivillig arbeid som inkluderer flest mogleg. Vi vil også jobbe for å fjerne gummigranulat på leikeplassane våre og ansette ein kommunegartnar når økonomien tillet det.

I lys av den krevjande økonomiske situasjonen i kommunen, vil vi setje store byggeprosjekt på vent og ha ein høg terskel for å ta opp nye lån. Vi vil innføre eigedomsskatt på næringsbygg for å styrke kommunens økonomi. Vi vil unngå store investeringar og byggeprosjekt i ei tid med stram økonomi og høg inflasjon.

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne i Stad er no klare for å samarbeide med innbyggjarane, næringslivet og andre politiske parti for å skape ei framtidsretta og berekraftig utvikling i kommunen.

Saman kan vi skape ei framtid vi kan gle oss til, for alle, for alltid!