Fotocredit:

Marie stilte opp som edruvakt på sitt første landsmøte i partiet

På Miljøpartiet Dei Grøne sitt landsmøte, var ordførarkandidaten vår, Marie Kristine Kroken, til stades for å representere lokallaget. Med rekordmange representantar frå heile landet, var det ikkje berre politikk på agendaen. Det var også tid for sosialisering og samvær, fortel Marie om landsmøtet.

19. juni 2023

«Første kvelden var roleg med bålpanne ved sjøkanten og nattbading for dei tøffaste. Vi har fått litt narr for at vi har edruvakter, men dette er for å trygge dei yngste og dei som er her for første gong. Eg følte det som ein ære å sjølv få lov til å vere edruvakt og passe på at alle hadde det bra,» seier Marie til Fjordenes Tidende.

Laurdagen bød på auka glamour med finale i Eurovision, eller Melodi Grand Prix, som vi pleide å kalle det før i tida. «MGP med MDG må jo berre bli bra,» kommenterte Marie, og såg fram til om glamourfaktoren ville halde seg fram til valdagen for Stad MDG.

På landsmøtet tok Marie til orde for viktige lokale utfordringar. «Grøn politikk startar lokalt, og vi vil kjempe vidare for det som er viktig for oss. Stad kommune er ein del av det globale klimaløftet vi treng, og dermed like viktig som alle andre stadar i verda. Vi seier nei til fleire oppdrettsanlegg i kommunen og vi vil redusere mengda cruiseturistar. Dette vart framheva av representantar på landsmøtet, og er viktige saker for oss,» understrekar ho.

Marie tar med seg både entusiasmen og meir kunnskap om miljøet frå landsmøtet. «Vi ønskjer å vere ei motvekt mot alle som tenker at god utvikling alltid skal vere det same som å bygge nytt, større, høgare og meir urbant. Det viktigaste for oss er å ta vare på den dyrebare naturen rundt oss og sikre grøne arbeidsplassar for framtida.»

Les saka i Fjordenes Tidende her!