Konsekvensane av vindkraftprosjektet på Dua og Snøskarven har skapt stor uro blant oss i Miljøpartiet Dei Grøne, og særleg blant våre representantar i Stad kommune. Marie Kristine Kroken, ordførarkandidaten vår i Stad, er ei aktiv røyst i dette viktige spørsmålet.
«Det er heilt klart at vi treng fornybar energi for å møte klimakrisa, men det betyr ikkje at vi skal sjå bort frå dei negative konsekvensane av slike prosjekt. Hovudbekymringa vår er dei natur- og miljømessige konsekvensane dette vindkraftprosjektet vil ha på Dua og Snøskarven. Vi kan ikkje tillate at den naturskjønne regionen vår blir øydelagd av vindturbinar som kan ha stor påverknad på det lokale dyrelivet og økosystemet. I tillegg må vi ta omsyn til dei sosiale konsekvensane, inkludert påverknaden på lokale samfunn og på turismeindustrien,» sier Marie om saka.
Initiativet om å inngå samarbeid med ordførarkandidatar frå ulike parti i kommunane Stad og Vanylven er eit sterkt signal om at vi er samde i at dei negative konsekvensane av vindkraftprosjektet er for store.
«Vi ønskjer å sikre at den politiske prosessen rundt utbygginga er demokratisk og open, og at alle konsekvensane blir nøye vurdert. Vi vil nytte dei midlar vi har til rådighet for å arbeide mot dette prosjektet, og vi oppmodar Nordic Green til å tenke nøye gjennom konsekvensane av prosjektet for lokalsamfunna våre,» tilføyer Marie.
Vi i Miljøpartiet Dei Grøne støttar fornybar energi, men vi meiner at det alltid må vere ein balanse mellom behovet for fornybar energi og behovet for å verne vår natur og våre samfunn. I denne saka meiner vi at balansen heller mot behovet for å verne naturen og oss som bur her.
Les heile saka i Fjordabladet her!